Informasjon til partene

Forbrukarklageutvalet er for tida under omstilling. Sakene blir behandla laupande, men behandlingstida kan bli på over eit år.

Kort oversikt over saksgangen

  • Ein av partane klagar inn saka til Forbrukarklageutvalet etter at meklinga i Forbrukarrådet ikkje førte til ei løysing.

  • Forbrukarklageutvalet sitt sekretariat mottar klaga og alle saksdokumenta frå Forbrukarrådet.

  • Sekretariatet forkynnar saka for motparten.

  • Partane får anledning til å sende inn nye kommentarar/utsegn og/eller ny dokumentasjon. Dette vil bli sendt over til den andre parten.

  • Sekretariatet førebur saka for utvalet og set den opp til behandling på eit utvalsmøte.

  • Eit utval på tre medlemmer behandlar saka på møtet.

  • Vedtaket blir forkynt for partane.

Saksbehandlinga

Skriftleg saksbehandling

Saksbehandlinga og avgjerda blir basert på dei skriftlege dokumenta i saka. Verken partane eller vitnar har anledning til å møte og gje munnleg forklaring.

Partane si opplysing av saka

Partane bør sørgje for å opplyse saka si best mogeleg. I tillegg til eigne forklaringar, er det viktig at dokument som kontrakt, salsannonse, faktura, kvitteringar og sakkunnige vurderingar blir lagt fram. Dette vil betre mogelegheita til å nå fram med sine krav, spesielt dersom partane har motstridande forklaringar.

Sakkunnig vurdering

Eventuelle sakkunnige vurderingar og utsegn må av partane sjølv innhente.  Forbrukarklageutvalet sørgjer ikkje for å innhente slike, og det er heller ingen sakkunnige tilknytt Forbrukarklageutvalet. Ei sakkunnig vurdering, til dømes ein takstrapport eller ei utsegn frå ein verkstad, bør vere nøytral og halde seg til den tekniske sida av saka. Den sakkunnige bør gjere greie for følgjande punkt:

  • Kva er gale?

  • Kva er årsaka til feilen?

  • Sannsynleg tidspunkt for då feilen og/eller årsaka til denne oppstod

  • Lar feilen seg utbetre og eventuelt kor mykje vil det koste?

  • Eventuelle andre forhold som er eigna til å belyse saka

Kostnadane ved undersøkinga må parten i utgangspunktet betale sjølv, men kostnadane kan takast med som eit eige erstatningskrav i saka.

Saksbehandlingstid

Saksbehandlingstida kan variere avhengig av sakstype og saka sitt omfang. Forbrukarklageutvalet er for tida under omstilling, og saksbehandlingstida kan difor bli over eit år frå saka kjem inn til vårt kontor. 

Etter at vedtaket er fatta

Verknader av vedtaket

Vedtaket har verknad som ein rettskraftig dom dersom saka ikkje blir tatt inn for tingretten innan søksmålsfristen. Fristen for å oppfylle vedtaket er ein månad etter at vedtaket er forkynt.

Oppfylling av vedtaket

Forbrukarklageutvalet bistår ikkje i oppgjeret mellom partane. Partane må sjølv ta kontakt med kvarandre for å få vedtaket gjennomført. Gjeld kravet betaling av pengar, bør den som har krav på betaling oppgje kontonummer til skyldnaren. Dersom det er tilkjent renter, kan desse reknast ut på www.forsinkelsesrente.no.

Dersom vedtaket ikkje blir oppfylt frivillig

Om vedtaket ikkje blir oppfylt innan fristen, kan kravet inndrivast ved hjelp av amsmyndighetene. Det må då sendast eit  krav om utlegg namsmannen på den staden der motparten bur eller har forretningsstad. Sjå eiga rettleiing her: Rettleiing til krav om utlegg (PDF, 68 kB).

Overprøving av vedtaket​​​​​​​

Dersom ein ikkje er einig i vedtaket, kan partane ta saka inn for tingretten innan ein månad frå vedtaket ble forkynt. Stemninga kan sendast direkte til tingretten eller til Forbrukarklageutvalet, som sender den vidare til tingretten. Skjema for forenkla stemning finner du  her: Forenkla stemning (DOC, 81 kB)

Søksmålsfristen lauper også i rettsferiane og blir ikkje forlengja sjølv om fristen går ut på ein helge- eller heilagdag.

Utløpt frist og gjenåpning​​​​​​​

Når søksmålsfristen er ute, er det som regel ikkje lenger mogeleg å bringe saka inn for domstolane. Forbrukarklageutvalet kan likevel, unntaksvis, vedta at saka blir behandla i tingretten, sjølv om fristen er gått ut.

Ei sak kan ikkje blir behandla på nytt av Forbrukarklageutvalet. I ekstraordinære tilfelle kan ein likevel krevje ei sak gjenåpna etter reglane i tvistelova kapittel 31. Vilkåra for gjenåpning er strenge, og er berre aktuelt dersom det kjem fram opplysningar som var ukjende då vedtaket ble fatta, og som høgst sannsynleg ville ha ført til eit anna resultat. Gjenåpning kan ikkje krevjast på eit grunnlag som parten burde ha gjort gjeldande under saka si ordinære behandling eller før fristen for søksmål gjekk ut.

Forbrukarrådets advokatordning​​​​​​​

Forbrukarrådet kan i nokre tilfelle hjelpe forbrukarar ved behandling av saker i domstolen. Dette kan vere aktuelt dersom saka er prinsipiell, og kan få rettsleg betyding for mange forbrukarar. Les meir om vilkåra for Forbrukarrådets advokathjelp​​​​​​​ her. Du kan også kontakte Forbrukarrådet sine advokatar per post: Forbrukarrådet v/advokathjelpordninga, Postboks 463 Sentrum, 0105 OSLO, tlf. 23 40 05 00 eller e-post: advokat@forbrukerradet.no.

Avvisning

At ei klage blir avvist, betyr at sjølve tvisten ikkje vil bli behandla av utvalet. Det kan vere ulike årsaker til at ei sak blir avvist, til dømes at klaga ikkje er sendt innan den lovbestemte fristen etter at saka er avslutta hos Forbrukarrådet. Eit vedtak om å avvise saka blir fatta av eit alminnelig utval på tre medlemmer, eller av leiar/nestleiar åleine.

 

Forbrukarklagevalets avgjerd om avvising kan ikkje påklagast til overordna myndigheit, jf. forbrukarklagelova § 7 fjerde ledd. Utvalets standpunkt i avvisingsspørsmålet kan heller ikkje overprøvast av tingretten. Saka si realitet kan likevel på vanleg måte bringast inn for dei ordinære domstolane ved forliksklage til forliksrådet. Sjå tvisteloven 17. juni 2005 nr. 90, kapittel 6.

 

Avslutning av saka før vedtak er fatta

Forlik

Dersom ein av partane tilbyr eit forlik i saka før saka blir behandla, vil vi formidle det til den andre parten. Vi gjer merksam på at Forbrukarklageutvalet ikkje meklar mellom partane. Dersom partane bli einige om ei løysing, må vi få beskjed om det.

Kvar av partane kan ikkje einsidig trekke saka som er under behandling.

Konkurs / avvikling

Dersom den innklaga parten er eit aksjeselskap og selskapet går konkurs, vil ikkje selskapet lenger ha partsevne etter tvistelova. I slike tilfelle vil saka mot selskapet henleggast. Ved konkurs vil klagaren midlertidig ha moglegheit for å trekkje konkursbuet inn i saka for Forbrukeklageutvalet dersom buet ikkje aksepterer klagarens krav.