Om Forbrukarklageutvalet

Forbrukarklageutvalet er eit domstolliknande forvaltningsorgan som avgjer tvistar i forbrukarsaker som gjeld kjøp av varer, håndverkertenester og angrerett. Forbrukarsak er ein avtale mellom ein forbrukar og ein næringsdrivande. Forbrukarklageutvalet behandlar også tvistar om kjøp av varer mellom privatpersonar.

Forbrukarklageutvalet har eit sekretariat som ble etablert i 1979. Sekretariatet for Markedsrådet og Forbrukerklageutvalget er administrativt lagt under  Barne- og familiedepartementet.

Før ei sak kan behandlast av Forbrukarklageutvalet, må den først ha vore forsøkt mekla i Forbrukarrådet. Dersom partane ikkje vart samde, kan kvar av partane bringe saka inn for Forbrukarklageutvalet. Forbrukarrådet sender klaga, saman med saksdokumenta, til Forbrukarklageutvalets sekretariat.

Eit vedtak kan ikkje påklagast, men kan bringast inn for dei ordinære domstolane.

Skriftlige saksbehandling

I forbrukarklageloven er det eigne reglar for saksbehandlinga i Forbrukarklageutvalet. På enkelte områder vil domstolslova, tvistelova og forvaltningslova utfylle reglane for saksbehandlinga.

 Etter at saka er mottatt i Forbrukarklageutvalet sitt sekretariat, blir klaga og oversikt over saka sine dokumenter sendt til forkynning for motparten, saman med ei oppfordring om tilsvar. Tilsvar kan sendast til Forbrukarklageutvalet på eit skandinavisk språk eller engelsk, i tillegg til norsk.

Behandlinga av saka i Forbrukarklageutvalet er skriftleg. Det vil seie at Forbrukarklageutvalet skal behandle klaga på grunnlag av partanes skriftlege framstilling og anna skriftlige materiale. Verken partar eller vitnar har anledning til å møte for Forbrukarklageutvalet og gi munnleg forklaring.

Avvisning

I forbrukarklagelova er det reglar om avvising. At ei klage blir avvist, betyr at sjølve tvisten ikkje vil bli behandla av utvalet. Det kan vere ulike årsaker til at ei sak blir avvist, til dømes at klaga ikkje er sendt innan den lovbestemte fristen etter at saka er avslutta hos Forbrukarrådet. Avvisingsvedtak fattast av eit alminneleg utval på tre medlemmer, eller av leiar/nestleiar åleine.

Gratis behandling

Behandlinga i Forbrukarklageutvalet er gratis. Dersom partane brukar advokat, må dei sjølv dekkje kostnadane for dette. Sakskostnadar kan i utgangspunktet ikkje krevjast dekka av motparten. Ved ein eventuell vidare saksgong i domstolane, etter behandling i Forbrukarklageutvalet, vil det kunne komme sakskostnadar.

Bindande vedtak

Etter behandlinga av saka fattar utvalet eit vedtak med ein grunngjeving for resultatet.

Forbrukarklageutvalets vedtak er bindande for partane. Dersom saka ikkje bringast inn for tingretten innan éin månad etter at vedtaket er forkynt for partane, blir vedtaket rettskraftig. Eit rettskraftig vedtak kan tvangsfullbyrdast ved namsmannen, dersom oppfylling ikkje skjer frivillig.

Saksbehandligstid

Saksbehandlingstida kan variere avhengig av sakstype og saka sitt omfang. Forbrukarklageutvalet er for tida under omstilling, og saksbehandlingstida kan difor bli  over eit år frå saka kjem inn til vårt kontor.

Forbrukarklageutvalgets samAnsetning

Forbrukarklageutvalet består av 19 medlemmer, med éin leiar og fire nestleiarar, samt 14 ordinære medlemmer. Dei oppnevnast av departementet for ein periode på fire år, med høve til gjenoppnevning. Leiaren og nestleiarane er juristar som oppfyller krava til dommarar, og sju av dei ordinære medlemmane har særleg innsikt i næringsdrivande sine interesser, mens sju har særlige innsikt i forbrukarsida.

Kvar sak behandlast av eit utval på tre medlemmer som består av leiar eller nestleiar, samt to medlemmar, ein særlig innsikt i  forbrukaren og ein med næringsdrivande sine interesser.

Sjå oversikt over medlemmane i Forbrukarklageutvalet her.

ForbrukArklageutvalets sekretariat

Forbrukarklageutvalet er samlokalisert med Markedsrådet og har felles sekretariat. Sekretariatet mottar sakene, forkynner klagen for motparten, kommuniserer med partane, og står for den førebuande saksbehandlinga, herunder klargjer sakene til møtebehandling. Etter at vedtak er fatta, sørger sekretariatet for at vedtaket blir forkynt for partane. Spørsmål vedrørende Forbrukarklageutvalet kan rettast til Sekretariatet.